Luups

Kundevilkår

Kundevilkår


Sist oppdatert 01.12.2022

1. Generelt

Desse generelle kundevilkåra (“Kundevilkåra”) gjeld mellom Luups AS (“Leverandøren”) og kunden (“Kunden”), og regulerar bruken av Luups AS sine tenester (“Tenesta”).

Kunden og Leverandøren er saman referert til som “Partane” og kontraktsforholdet mellom dei som “Avtalen”.

Kundevilkåra gjeld så lenge Kunden bruker Tenesta.

2. Lisensrettar

Kunden mottek i kraft av Avtalen ein mellombels rett til å bruke Tenesta. Retten er ikkje eksklusiv og kan ikkje overførast til andre.

Kunden kan fritt nytte alle video- og biletebidrag, inkludert skriftlege skildringar som følgjer med desse, som er gjort tilgjengeleg gjennom Tenesta av sluttbrukarane (“Brukaren”). Dette inkluderar kommersiell bruk av innhaldet.

Alle immaterielle rettar til tekst, bilete, design og anna tilhøyrande materiale som er gjort tilgjengeleg for Kunden av Leverandøren, tilhøyrer Leverandøren og eventuelle lisenshavarar Leverandøren brukar for å levere Tenesta. Alt slikt materiale skal reknast som Leverandøren sin eigedom. Dette inkluderar og alle underliggjande programvarer og kjeldekoder.

Leverandøren har rett til å avslutte Avtalen og Kunden sin tilgong til Tenesta med umiddelbar verknad og utan å varsle på førehand, dersom Kunden nyttar Tenesta til å lage innhald som rimeleg kan seiast å vere støytande.

3. Betaling

Med mindre Kunden har førehandsbetalt skal Kunden betale for Tenesta i samsvar med fakturaen som er ustedt av Leverandøren. Kunden skal ikkje i noko tilfelle ha rett til å motrekne sine krav eller påståtte krav mot Leverandøren, mot faktura knytt til leveranse av eller bruk av Tenesta.

Ved for sein betaling har Leverandøren rett til å kreve forseinkingsrente rekna frå betalingsfristen utløp og frem til Leverandør mottek korrekt betaling i samsvar med reglane i Forsinkelsesrenteloven.

Leverandøren skal gjere ei prisliste tilgjengeleg for Kunden.

4. Personvern

Leverandøren skal ikkje gjere innsyn i Kunden sine brukargenererte videofiler eller andre filer som er lasta opp i Tenesta av Brukarane eller Kunden, med mindre noko anna er skriftleg avtalt, slik som ved testperioder og pilotprosjekt.

Leverandøren har ikkje noko forhold til innhaldet som er lasta opp eller Brukarane som står bak det. Leverandøren opptrer derfor som databehandler, jf. persovernforordninga artikkel 28 og artikkel 4 nr. 8.

Leverandøren sine Databehandlervilkår går fram av Vedlegg 1.

Leverandøren kan kontaktast på chb@luups.no om personvernrelaterte spørsmål og du finn meir informasjon om korleis Leverandøren behandler personopplysningar her.

5. Ansvar

Tenesta kan til tider vere heilt eller delvis utilgjengeleg som følge av vedlikehald eller andre grunnar.

Dersom Kunden lid eit økonomisk tap som følgje av feil eller manglar med Tenesta er Leverandøren sitt erstatningsansvar begrensa til direkte tap som kan dokumenterast og som skyldast dei aktuelle feila eller manglane, og oppad avgrensa til den kostnaden Kunden har hatt med Tenesta dei siste 12 månadene.

Leverandøren er ikkje ansvarleg for Kunden sin bruk av Tenesta, innhald som er produsert med Tenesta eller Innhald som på anna måte kan knyttast til Tenesta.

Kunden skal halde Leverandøren skadeslaus for alle krav som blir satt fram mot Leverandøren på grunn av Kunden sin bruk av Tenesta og kontraktsforholdet mellom Kunden og Leverandøren.

6. Lovval og verneting

Kundevilkåra er regulert av norsk lov og Møre og Romsdal tingrett er rett verneting, jf. tvisteloven § 4-6.

7. Kontakt

Dersom du har spørsmål om denne personvernerklæringa eller personvernforordninga kan du kontakte:

Chris-Håvard Berge, +47 473 24 204, chb@luups.no

Du kan og klage til Datatilsynet. Informasjon om korleis du kan sende klage finn du her.


Luups AS | 2024
Luups er ei teneste utvikla av Luups AS i Volda.

Luups AS | 2024
Luups er ei teneste utvikla av Luups AS i Volda.

Brukervilkår, personvernhåndtering og mer er tilgjengelig på luups.no/info

Brukervilkår, personvernhåndtering og mer er tilgjengelig på luups.no/info