Luups

Personvernerklæring

Personvernerklæring


Sist oppdatert 01.12.2022

Generelt

Hos Luups er vi dedikerte til å beskytte og respektere din rett til personvern. Denne personvernerklæringa gir generell informasjon om korleis vi behandler personopplysingar om våre kundar, besøkande på vår heimeside og personar som kontaktar oss. I personvernerklæringa finn du informasjon om kva personopplysingar vi kan behandle om deg og føremålet med behandlinga.

Luups er ansvarleg for behandlinga av dine personopplysingar som skildra i denne personvernerklæringa. Vi har og ansvar for å behandle personopplysningane dine på forsvarleg vis og sikre at du kan nytte rettane dine etter personvernforordninga.

Personopplysningar er alle opplysningar om ein person, kalla den registrerte, som navn, e-postadresse, telefonnummer og evalueringar som kan knyttast til ein person.

Dersom du har spørsmål om korleis vi behandler personopplysingane dine, rettane dine eller korleis du kan bruke rettane, kan du sende ein e-post til chb@luups.no.

Personopplysningane vi behandler

Luups kan behandle følgjande personopplysingar om deg:

  • Navn
  • Epost-adresse
  • IP-adresse
  • Geolokasjon
  • Andre opplysninger du gir oss

Korleis personopplysningar blir samla inn

Nokre personopplysingar gir du frivilleg når du besøker heimesida vår eller når du kontaktar Luups.

Luups nyttar og analyseverktøy for å analysere trafikken på heimesida og for å generere statistikk. Desse prosessane inkluderar ikkje behandling av personopplysningar eller anna informasjon som kan knyttast til IP-adresse eller enkeltpersonar. Vi nyttar denne kunnskapen til å forstå korleis heimesida vår blir nytta og for å gjøre tenestene våre betre.

Rettsleg grunnlag og føremåla for behandlinga

Behandling av personopplysningar som er skildra i denne personvernerklæringa skjer for å oppfylle eitt eller fleire føremål og blir utføre i samsvar med personvernforordninga artikkel 6.

Førespurnad frå ein registrert

Når du rettar ein førespurnad til oss via kontaktinformasjon som er oppgitt på nettsida vår eller i personvernerklæringa vil det resultere i at Luups behandler kontaktinformasjonen din og all anna informasjon du gir oss.

Det rettslege grunnlaget for denne behandlinga er samtykket ditt, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a). Ver vennleg å avgrense opplysningane til det som er naudsynt for at vi skal kunne svare på førespurnaden din og gjere nødvendige tiltak. Du kan når som helst trekke attende samtykket ved å nytte kontaktinformasjonen nedanfor. Med atterhald om at vi ikkje lengre er forplikta til å behandle personopplysningane dine, vil vi då sikre at dei vert sletta.

Registrering og bruk av brukarkonto

Når du registrerar deg for å nytte tenestene våre oppgir du den generelle kontaktinformasjonen din, altså namn og telefonnummer. Vi nyttar desse opplysningane til å bekrefte identiteten din via tekstmelding og for å generere ein unik brukarID i våre system. Administrasjonen av brukarkontoen din inkluderar behandling av personopplysningar du har gitt til oss i samband med sjølve kontoen din og transaksjonar som er gjennomført for at du skal nytte tenestene våre. Det rettslege grunnlaget for denne behandlinga er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1, bokstav b), då det er naudsynt for at Luups skal kunne etterleve kundevilkåra. Dersom du vel å avslutte kontoen din vil vi sørge for å slette personopplysningane dine, med atterhald om at vi ikkje er pålagd å behandle personopplysningane dine vidare.

Oppbevaringsperiode

Vi vil ikkje behandle personopplysningane dine utover det som er naudsynt for å nå føremålet med å hente inn opplysningane og vi vil respektere avgrensingane i alle rettsgrunnlag som tillet oss å behandle personopplysningane dine.

Så snart oppbevaringsperioden løper ut vil personopplysningane dine bli sletta. Det vil derfor ikkje vere mogleg å kreve innsyn, sletting, retting eller overføring av opplysningar etter at oppbevaringsperioden har utløpt. Dersom du har spørsmål eller bekymringar knytt til oppbevaring av personoplysningane dine kan du kontakte oss via kontaktinformasjonen nedanfor.

Luups som databehandler

Luups er databehandler i relasjon til alle produkt av, deltaking i og bidrag til videoprosjekt som er gjort tilgjengeleg på vår plattform, dersom Luups ikkje sjølv er prosjekteigar for videoprosjektet. Luups vil alltid behandle personopplysningane dine i tråd med instruksjonane frå prosjekteigaren som er ansvarleg for behandlinga av personopplysningane dine.

Dersom du har spørsmål om dette ber vi deg venlegast kontakte prosjekteigaren direkte. Dersom du ikkje får tak i prosjekteigaren er det fint om du gir oss beskjed slik at vi kan hjelpe deg.

Lagring av personopplysningar

For å hindre at uvedkomande får tilgong til personopplysningane dine og å unngå uberettiga utlevering, endring og/eller uønska øydelegging av dine personopplysningar, forpliktar Luups seg til å sette i verk føremålstenelege tryggleikstiltak.

Luups vil ikkje dele personopplysningane dine med tredjepartar med mindre tredjeparten er engasjert som ein databehandler og det er inngådd ei avtale om databehandling som sikrar at føremålstenelege tekniske og organisatoriske tiltak er implementert. Dersom du ønskar å motta ei oversikt over desse avtalepartane kan du gi oss melding om dette via kontaktinformasjonen nedanfor.

Rettane til den personopplysningane gjeld

I samsvar med personverfororninga har du følgande rettar:

  • 1. Du har rett til ei stadfesting av om Luups behandler personoplysningane dine og å få tilgong til alle personopplysningar Luups behandler om deg i tillegg til føremålet med behandlinga.
  • Du har rett til å stadfeste personopplysningane dine, og når det er aktuelt, få retta opp eventuelle opplysningar som ikkje stemmer, samt å få komplettert ufullstendige personopplysningar.
  • Du har rett til å få begrensa behandlinga av dine personopplysningar.
  • Du har rett til å protestere mot behandlinga av personopplysningane dine og til å trekke attende eit tidlegare gitt samtykke. Tilbaketrekking av samtykket ditt påverkar likevel ikkje lovlegheita av allerede gjennomførte behandlingar.
  • Du har rett til at personopplysningar som gjeld deg blir sletta. Når du ber om det vil Luups vere forplikta til å slette personopplysningane dine med mindre Luups fortsatt har heimel til å behandle opplysningane.
  • Du har rett til å klage til Luups og til å ta klagen vidare til Datatilsynet. Informasjon om når og korleis du kan klage kan du finne her.

Dersom du ønskjer å bruke ein eller fleire av desse rettane, eller har spørsmål knytt til dei, kan du kontakte oss via kontaktinformasjonen som er gitt nedanfor.

Sted for behandling og overføring av personopplysningar utanfor EU/EØS

Luups behandler personopplysningar ved våre kontor og på alle stader kor partane som er involverte i behandlinga oppheld seg. Ut frå kor du oppheld deg, vil deling av opplysningar mellom deg og Luups kunne innebere overføring av personopplysningane dine til eit anna land enn der du oppheld deg no. Dersom du ønskjer å vite meir om korleis dette verkar inn på behandlinga av personopplysningane dine kan du ta kontakt med oss via kontaktinformasjonen som er gitt nedanfor.

Luups kjem ikkje til å overføre personopplysningane dine til land utanfor EU/EØS. I Luups er vi stolte av å kunne tilby ei trygg og brukarvenleg teneste via lokale operatørar. Dersom du ønskjer å motta ei liste over dei involverte partane kan du kontakte oss via kontaktinformasjonen som er gitt nedanfor.

Tryggleik

Luups har implementert både organisatoriske og tekniske tiltak for å sikre at personopplysningane dine blir behandla på ein sikker måte med fokus på integritet, konfidensialitet og tilgjengelegheit. Luups søker å handle i samsvar med prinsippet om dataminimering ved å redusere mengda personopplysningar vi behandler til det som er absolutt naudsynt for å realisere føremålet med innsamlinga.

Luups behandler dine personopplysningar konfidensielt på servarar med avgrensa tilgjenge som er lokalisert i trygge omgjevnader. Tilgongsrettar er beskytta med totrinns- verifikasjonssystem og tilgong blir kun gitt til personell som treng det for å kunne utføre sine arbeidsoppgåver. Vi monitorerar og evaluerar våre tryggleikstiltak løpande for å identifisere eventuelle behov for tilpassingar.

Bruk av personopplysningar i domstolane

Dine personoplysningar kan bli brukt av Luups i samband med rettsaker eller i innleiande prosessar mot ei rettssak knytt til uriktig bruk av vår heimeside eller andre relaterte tenester.

Atterhald

Luups gir ikkje garanti for og tek ikkje ansvar eller skyld for innhald som er generert ved bruk av våre tenester. Luups kontrollerer ikkje, gir ingen garanti for og tek ikkje ansvar for nokon bruk av bidrag til videoprosjekt på våre sider. Vi kan ikkje bli haldne ansvarlege for krav, skadar, tap, utgifter eller andre skyldnadar som direkte eller indirekte er resultat av nokons bruk eller manglande evne til å bruke denne heimesida og våre tenester.

Endring av personvernerklæringa

Luups tek atterhald om at vi kva tid som helst kan endre denne personvernerklæringa. Vi vil då publisere endringa på heimesida vår og vi kan og sende deg beskjed ved å bruke tilgjengeleg kontaktinformasjon.

Vi anbefalar at du sjekkar denne sida jamnleg og verifiserar datoen for siste endring nederst, slik at du er kjend med siste utgåve.

Dersom vi endrar framgangsmåten for behandling av personopplysningar som har grunnlag i eit samtykke, vil vi samle inn nye samtykker for å sikre heimel for vidare behandling.

Kontakt

Dersom du har spørsmål om denne personvernerklæringa eller personvernforordninga kan du kontakte:

Chris-Håvard Berge, +47 473 24 204, chb@luups.no

Du kan og klage til Datatilsynet. Informasjon om korleis du kan sende klage finn du her.


Luups AS | 2024
Luups er ei teneste utvikla av Luups AS i Volda.

Luups AS | 2024
Luups er ei teneste utvikla av Luups AS i Volda.

Brukervilkår, personvernhåndtering og mer er tilgjengelig på luups.no/info

Brukervilkår, personvernhåndtering og mer er tilgjengelig på luups.no/info